Endring i betalingsterminar
Eigedomsskatt og kommunale årsgebyr for vatn, avløp, tilsyn/feiing og renovasjon skal frå og med 2023 betalast i fire terminar.
Dette vart vedteke i samband med kommunestyret si behandling av økonomiplan og årsbudsjett i sak 61/22. Kommunestyresaka finn du her.
Kommunen legg opp til fakturering ca. 10. februar, 10. mai, 10. august, 10. november. Utgangspunktet er at terminbeløpa blir like. Avrekning for vatn og avløp vil kome med som tillegg eller frådrag på faktureringa 10. februar.
Her finn du økonomiplanen med gebyrliste.
Publisert 16.01.2023 14.30