Eldre i Øystre Slidre ut på middag

Vi tilbyr ei restaurantoppleving, med lokalprodusert mat for 125 kronar. Eldre ut på middag er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, eldrerådet, frivilligsentralen, Valdres vidaregåande skule og lokale matprodusentar.

 Prosjektet "Eldre ut på middag" er tiltenkt kommunen sine innbyggarar over 65 år, Øystre Slidre kommune er tildelt midlar av Statsforvaltaren. Formålet er å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon under pandemien og å leggje til rette for at eldre kan få ein hyggeleg og sosial oppleving.

Restauranten vil vera lokalisert ved det nye Helsetunet og tilbodet vil bli gjennomført i veke 39, i tilknytning til eldredagen 1.oktober.

Det vil bli servert 3-retters middag av restaurantkvalitet. Måltidet vil bestå av lokal mat tilpassa årstid og gje moglegheit for val av forrett, hovudrett og dessert. 

Bordbestiling

Restauranten er open måndag - fredag 27.september til og med 1.oktober. Det blir bordsettingar kl.14.00 og 16.30. For bordbestilling, ring 61 35 25 00, mellom kl.08.00 - 16.00 måndag - fredag.

Transport

Vi håpar at gjestar som sjølv køyrer bil har moglegheit til å tilby sine naboar og kjente skyss til og frå. Frivilligsentralen har ansvar for koordinering av skyss. Har du moglegheit til å ta med deg gjester frå ditt nærområade eller treng transport til restauranttilbodet, ta kontakt med Frivilligsentralen på tlf 976 05 755.

Smitteverntiltak

Tilbodet blir fortløpande tilpassa dei reglane som er gjeldande kring smittevern.

Meir om tilbodet "Eldre ut på middag" 

Meir om tilbodet kan du lesa her (PDF, 349 kB)