Eigenberedskapsveka 2024 - er du førebudd?

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28.oktober. Korleis vil du og dine nærmaste klare dykk om straumen blir vekke i ein lengre periode? Kva gjer du om vatnet forsvinn? Bruk denne veka til å bli førebudd.

Illustrasjon eigenberedskap - Klikk for stort bilete Ivar Kvaal, DSB

Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i ei veke. Dette fordi kommunane og naudetatane må proritere dei som ikkje klarar seg sjølv i ei krise. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei vi har rundt oss, vil det styrkje det norske totalforvaret - altså summen av sammfunnsressursane for å førebyggje og handtere krise og krig.

Brosjyre

I løpet av denne veka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. I brosjyra får du konkrete råd om korleis du kan førebu deg på å klare deg sjølv i ei veke. Hensikten med råda er at ein skal vere i stand til å dekkje dei mest grunnleggande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Førebu deg denne veka

Bruk Eigenberedskapsveka 2024 til å førebu deg og dine. 

På nettsida sikkerhverdag.no finn du gode råd til korleis du kan bidra til beredskapen i Noreg

Informasjon frå Øystre Slidre kommune

På kommunen sin nettsida har vi oppretta punktet “beredskap”. Her har vi m.a. samla informasjon frå sikkerhverdag.no,  korleis du kan få informasjon frå kommunen og kvar du kan møte opp dersom det blir langvarig bortfall av elektronisk kommunikasjon.

Her kan du lese informasjonen om beredskap på kommunen sin nettside