Her finn du eigedomsskattelistene
Eigedomsskatteliste for 2024 til gjennomsyn (PDF, 2 MB)
Skatteliste fritak for 2024 til gjennomsyn (PDF, 257 kB)
Fastsett eigedomsskatt
Eigedomsskatten er fastsett til 4 promille for bustad- og fritidseigedomar og 7 promille for andre eigedomar jfr.eigedomsskattelova § 10. Jf. kommunestyrevedtak 92/23.
Fakturering
Eigedomsskatten skal bli fakturert i 4 like terminar, ca. 10. februar, 10. mai, 10. august og 10. november. Betalingsfrist er 30 dagar frå fakturadato.
Klage
Eventuell klage må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker etter at eigedomsskattelista vert kunngjort 12. februar 2024 jfr.eigedomsskattelova § 19. Klagefrist er innan 26. mars 2024.
Klage vedrørande fastsatt eigedomsskattetakst kan framsetjast kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år, jfr.eigedomsskattelova § 19 første ledd tredje setning.
Skriftleg klage på utskriven eigedomsskatt kan bli registrert via elektronisk skjema eller bli sendt til:
Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
E-post: eigedomsskatt@oystre-slidre.kommune.no
Her kan du sende inn klage via elektronisk skjema
Øystre Slidre kommune
Eigedomsskattekontoret