Eigedomsskatt 2020 - offentleg gjennomsynI samsvar med eigedomsskattelova § 15 blir eigedomsskattelistene for 2020 lagt ut til offentleg gjennomsyn her på heimesida og i resepsjonen på kommunehuset i tre veker frå 1.mars 2020. Eigedomsskatten er fastsett til 3 promille for bustad- og fritidseigedomar og 7 promille for andre eigedomar jfr.eigedomsskattelova § 10. Her finn du eigedomsskattelistene Eigedomsskatteliste for 2020 til gjennomsyn (PDF, 804 kB) Eigedomsskatten skal bli betalt i 2 like terminar. 1.termin forfell til betaling 15.juni 2020 2. termin forfell til betaling 15.oktober 2020 Eventuell klage må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker etter at eigedomsskattelista vert kunngjort 1.mars 2020 jfr.eigedomsskattelova § 19. Det betyr at klagefrist er 12.april 2020 Klage over takst kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga, dersom det ikkje er klaga over same grunnlag som tidlegare år i samsvar med jfr.eigedomsskattelova § 19 første ledd tredje setning. Skriftleg klage på utskriven eigedomsskatt kan bli registrert via elektronisk skjema her, eller bli sendt til: Øystre Slidre kommune Bygdinvegen 1989 2940 Heggenes E-post: eigedomsskatt@oystre-slidre.kommune.no Eigedomsskattekontoret Sist endra 05.03.2020 08.42