Dagsturhytta på Furustrand

Dagsturhytta på Furustrand opnar fredag 12.juli kl.15.00. Hytta er oppført i 2024, i samarbeid med Innlandet fylkeskommune og Sparebankstiftelsen DNB. 

Øystre Slidre kommune

Om dagsturhytta

Hytta er meint å vere eit ope tilbod til alle som ynsker å nytte den, som eit del av friluftstilbodet på Furustrand og som eit nærturmål for Heggenes om omegn.

Dagsturhytta skal vere open for alle heile året, som ein stad du kan nyte matpakka di eller få igjen varmen etter ein kort eller lengre tur. Hytta er utstyrt med solcelleanlegg og vedomn, ved og fyrstikker er i hytta.

Dagstur hytta er di! Bruk den så ofte du vil, og respekter at andre kan bruke hytta medan du er der.  Forlat hytta slik du ynskjer å finne ho. 

Ordensreglar for dagsturhytta

  • Tørk godt av skoa, eller ta dei av deg før du går inn
  • Sjå til at omsdøra er att om du har fyra opp
  • Kast søppel i søppelkassene ute og kost over golvet
  • Slå av lyset når du går

Det er ikkje lov å overnatte i dagsturhytta. Dette er dels på grunn av branntryggleik, og dels fordi vi ynsker at alle skal kunne bruke hytta fritt utan å føle at dei førstyrrer andre.

Det er toalett i kioskbygget på Furustrand, som er ope i sumarsesongen.

Det er ikkje tillatt å ta med hund inn i hytta.

Bilde av dagsturhytta på Furustrand - Klikk for stort bileteDagsturhytta på Furustrand Øystre Slidre kommune

Feil eller manglar på hytta

Meld frå til Øystre Slidre kommune ved feil, skadar eller manglar på hytta, eller ved andre hendinger vi bør vite om . Tlf 61 35 25 00 eller e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00