Busetting av flyktningar i Øystre Slidre kommune

Øystre Slidre kommune ynskjer etter oppmoding frå IMDI å busette 65 flyktningar i 2022. 

Å skaffe bustad til flyktningar er eit kommunalt ansvar. For å nå målet om busetting av 65 personar vil det truleg vera behov for å busette både i kommunale og private bustader. 

Frivillige medarbeidarar og lokale leverandørar har dei siste vekene gjort i stand fleire bueiningar i Moavegen 43. 

Vi veit i dag ikkje kor mange flyktningar som kjem og når dei kjem. Uavhengig av tidspunkt og tal er det viktig at vi er førebudd og kan gje dei som kjem ein god og trygg busituasjon. For å få til dette treng vi di hjelp. Vi treng ei oversikt over tilgjengelege bustader der det er mogleg å leige privat, dersom vi skulle få behov for dette. 

Har du ei ledig bueining og lyst til å bidra ber vi deg om å bruke kommunen sitt innmeldingsskjema. Dette skjemaet er ingen kontrakt, men ei kartlegging. Dersom det blir aktuelt å leige vil vi ta kontakt med deg. 

Skjema for innmelding av bustad til leige

Her er lenke til skjemaet: skjema for innmelding av bustad til leige

 

Vi ynsker igjen å takke for alle bidrag og all gjevarglede som innbyggarane har vist i samband med flyktningekrisa.

Har du eventuelle spørsmål rundt innmeldinga, ta kontakt med:

Leiar tildeling- og budstadskontoret, Mari Nysveen, tlf 916 29 270, e-post: mari.nysveen@oystre-slidre.kommune.no