Bruktsal i kleslageret på Heggenes

Onsdag 20. desember kl.18-19 blir det sal av brukte klede i kleslageret i Moavegen 38. Inntekta går til Frelsesarmeen.

illustrasjonsbilde penklær - Klikk for stort bileteKjoler og bluser til sals Liv Vingdal

Kleslageret på Øvre Moen har sidan våren 2022 fått inn rikeleg med klede og sko. Dette utstyret er tiltenkt flyktningane våre og andre som har lite å kjøpe for.

Sal av fintøy

Vi ser no at fintøyet vi har fått inn, hopar seg opp. Det er fordi folk som kjem innom for å hente gratis klede, treng kvardagsklede og ikkje dressar og kjolar. I staden for at vi pakker ned dette fintøyet og sender det til Frelsesarmeen, tilbyr vi bruktsalg for ALLE interesserte.

Pris pr. plagg er kr. 20-50. Inntektene på dette bruktsalget går til Frelsesarmeen. Betalingsmåte er vipps eller kontant i julegryta til Frelsesarmeen.  

Her er det mykje fine klede: dressar, kjolar, skjørt, bluser, toppar, finsko og vesker.

Str. baby til XXL

Her finn du kleslageret

Gamle sjukeheimen på Øvre Moen, Moavegen 38, 2940 Heggenes.

Parkering på sørsida eller bak bygget, inngang i kjelleren.

Penklær til herre - Klikk for stort bileteFine dresser til sals Liv Vingdal

Kontaktinfo

Liv Vingdal
Leiar folkehelse og frivilligsentral
E-post
Telefon 97 60 57 55

Kartpunkt