Dette er tidlegare pulisert i saka:
Politiet har ansvaret for handteringa av hendinga og informasjon kring den. Politiet har evakuert bebuarar og tilsette ved Beitostølen Helsesportsenter til Radisson Blu hotellet på Beitostølen.
Kommunen ordnar med mat og drikke til brannmannskap på staden og bidreg i samband med evakueringa.
Kontakttelefon for Beitostølen Helsesportsenter
Kontakt-telefon nr: 61 34 08 00
Informasjon til skuleelevar
Det blir sendt ut informasjon til heimane om at skulebussane går som vanleg og elevane kan gå av bussen som vanlege på sin busstopp, bortsett frå dei som skal gå av Beitostølen Helsesportsenter, bussen stoppar ikkje her. Elevane har fått beskjed om å ikkje oppsøke brannområdet.
Denne artikkelen er publisert 14.06 kl.13.35.