Prosjektgruppa bolig for velferdKommunen har søkt og fått tildelt prosjektmidlar for å delta i Innlandet si satsing «Bolig for Velferd». Gjennom samarbeid med Statsforvaltaren i Innlandet, Husbanken region Øst, Innlandet fylkeskommune og Nav, er målet å betre innsatsen, synleggjera samanhengen og auke bruken av virkemiddel i bustadsosialt arbeid retta mot barn, unge, barnefamiliar og andre.
Utanforskap finst ikkje berre i store kommunar, men og i små som Øystre Slidre. Bakgrunnen for satsinga er at alle skal kunne bu trygt og godt. Gjennom samarbeidet vil vi ha auka fokus på å sikre gode butilhøve og legge til rette for at fleire skal eige sin eigen bustad. «Bolig for Velferd», «Frå leige til eige», «Eie først» er eksempel på strategiar som kan nyttast i arbeidet mot dette målet. I dei tilfella der leige er det beste alternativet, skal dette alternativet også opplevast som trygt og verdig.
Prosjektet er godt forankra i kommunen si toppleiing. Det er oppretta ei styringsgruppe, tilsett prosjektkoordinator og prosjektleiar samt oppnemnt prosjektgruppe. Prosjektgruppa er sett saman av fagpersonar som kjenner feltet på tvers av einingane i kommunen. Deltakarane representerar mellom anna Tilrettelagte tenester, Næring,plan og byggesak, Flyktningtenesta, Kultur, Helseavdelinga og Tildelings- og bustadkontoret. NAV Valdres og lokale nøkkelpersonar bistår etter behov. Rådmannen orienterar politisk leiing.
Prosjektet er i startgropa og prosjektgruppa arbeider no med kompetanseheving, kartlegging og idéutvikling. I den anledning vart det nyleg arrangert ein fagdag med Bolig for Velferd, Husbanken, Statsforvaltaren, fylkeskommunen og kommunen. Både medarbeidarar, prosjektgruppa, tenesteleiarar, kommunalsjefar, rådmann og ordførar bidrog aktivt, saman med våre samarbeidspartnarar. Dette vart ein svært engasjerande og lærerik dag som la eit særs godt grunnlag for vidare arbeid.
Temaet er aktuelt for mange i kommunen. Vi ynskjer å gjera det mogleg å medverke både for våre kollegaer og innbyggjarar. Med bakgrunn i dette følger presentasjon av prosjektgruppa og kontaktinformasjon.
Kontaktperson og prosjektleiar: Hanne Rochmann (hanne.rochmann@oystre-slidre.kommune.no)
Prosjektkoordinator: Mari Nysveen (mari.nysveen@oystre-slidre.kommune.no)
Prosjektgruppe Rune Sviund, Hanne Svendsen, Inger Elisabet Hilstad, Jan Berg, Astrid Rogne
.