Bli med på laget - meld deg som frivillig!I Øystre Slidre er det stor aktivitet i frivillig sektor. Frivillige ved Moatunet Liv Vingdal Her på nettsida er det registrert 71 lag og organisasjonar - sjå oversikta her: I tillegg har Frivilligsentralen ein stor frivillig-gjeng som driftar aktivitetar på Moatunet, i omsorgsboligar og på Helsetunet. Både Frivilligsentralen og lag/organisasjonar ynskjer gjerne å ha med fleire frivillige på laget, og vi kan tilby deg eit hyggeleg nettverk med mange meiningsfylte oppgåver. Vi vil framover legge ut ei oversikt over aktuelle frivillige oppdrag som kanskje kan passe deg. På frivilligsentralen treng vi for tida: 2-3 frivillige på fredagskaféen på Moatunet kvar 6.fredag kl. 8.30-13.30. Oppdraget går ut på å handle inn, lage smørbrød, trakte kaffe, dekke bord og servere 30-40 gjester. Dette er eit oppdrag saman med to andre vertinner. 2-4 frivillige på dansekveldar på Moatunet 1-2 onsdagar i månaden kl. 18.30-22.00. Oppdraget går ut på å bake kake, trakte kaffe og servere 25-30 gjester. 1-3 frivillige som kan utføre småoppdrag heime hjå eldre som treng hjelp med å rydde snø, bære ved og liknande. 1-2 frivillige som kan vere vakt i kleslageret på gamle sjukeheimen 1-2 torsdagar i mnd. kl. 18.00-19.30 Treng du frivillig hjelp? Lag og organisasjonar som treng fleire frivillige kan ta kontakt med Frivilligsentralen for å varsle kva dei har behov for, og Frivilligsentralen oppdaterer denne oversikta etter kvart. Vi ynskjer å ha deg med på laget - meld deg som frivillig! Publisert 28.11.2022 15.11