Betydelig snøskredfare for region Jotunheimen - oransje nivå

Kommunen har måndag 04.02.19 motteke varsel frå beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen i Innlandet knytt til fare for snøskred.

Varsom.no melder om stedvis store mengder laus tilgjengeleg snø i terrenget. Vindauke vil kunne føre til pålagring av fokksnø i lesider og terreng som samlar fokksnø. Den auka pålagringa vil føre til svekking av vedvarande svake lag i det gamle snødekket og auke moglegheita for naturleg skred utover ettermiddagen. Snøskrefaren er difor raskt aukande i takt med vindaukninga.

Øystre Slidre kommune oppmodar dei som skal til fjells om å gjere seg kjent med denne informasjonen:

Snøskredvarsel for Jotunheimen

Varsom.no - snøskredvarsling