Besøk frå kommunal- og distriktsdepartementet

Tysdag 7. februar fekk me besøk av statsråd Sigbjørn Gjelsvik som er kommunal- og distriktsminister.

Statsråd Gjelsvik saman med ukrainske flyktningar - Klikk for stort bilete Øystre Slidre kommune

I samband med at flyktningtenesta i kommunen har spelt inn ein opplysningsfilm for Buypass ønska statsråden å møte flyktningane og lærarane i vaksenopplæringa.  Filmen er ein del av ein kampanje for digital inkludering for ukrainerne. 

Med på turen var òg kommunikasjonsrådgjvar Heidi Egede-Nissen og NRK Innlandet.

Gjelsvik vart godt teke i mot av ordførar og rådmann og det vart sett av god tid til å prate med flyktningane.

Flyktningtenesta fekk òg vera med på møte med statsråden etter lunsj der busetjing og flyktningsituasjonen i kommunen vart presentert.

For flyktningtenesta var dette eit spennande og ikkje minst eit motiverande møte.

 

Besøk av statsråd Gjelsvik - Klikk for stort bilete Øystre Slidre kommune

Opplysningsfilmen om eID er publisert på digdir si nettside