Beiteslepp - viktig informasjon

I desse dagar blir beitedyra sleppt på utmarksbeite. Vi oppfordrar alle til å vise omsyn og bidra til at dyra får ein trygg beitesesong. Sørg for tilsyn med grinder og gjerder for å sikre at dei er i god stand.

Bilede av kyr på beite - Klikk for stort bilete Tone Snortheim

Viktig ved observasjon av sjuke eller skada dyr

Dersom du ser sjuke eller skada beitedyr, er det viktig at du melder frå. Ta gjerne eit bilete og noter øyrenummeret på dyret. Ved observasjon av skada dyr kan de melde frå til kommunen sin vakttelefon tlf 909 26 339. 

Ved påkøyrsel av beitedyr

Dersom du skulle vere så uheldig å køyre på eit beitedyr, er det viktig å kontakte politiet umiddelbart på telefon 02800. Det er ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melde frå.

Hugs bandtvangen

  • Jf. hundelova sin § 6 er det bandtvang frå 1. april til 20. august. 
  • Jf. lokal forskrift for hundehald i Øystre Slidre kommune sin § 3, er det i område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar utvida bandtvang til 30. september.

 

Sjølv den snillaste hun kan gjere stor skade. Vis ansvar og hald hunden din i band.

Takk for at du bidreg til ein trygg og sikker beitesesong for dyra våre!

Kontaktinfo

Vakttelefon landbruk
Mobil 90 92 63 39