Badevatnet ved Furustrand er igjen av god kvalitet, men bading ved Sandtangen er ikkje tilrådd

Øystre Slidre kommune tek - i samarbeid med «Miljøretta helsevern i Hallingdal og Valdres» - i sumarsesongen jamlege prøver av badevatnet ved to populære badeplassar: Furustrand (Heggefjorden) og Sandtangen (Volbufjorden).

Kvaliteten på vatnet blir karakterisert etter ein skala som viser «god», «mindre god» eller «ikkje akseptabel». Ved «god» og «mindre god» vasskvalitet blir det rekna som trygt å bade. Bading blir frårådd når vasskvaliteten blir karakterisert som «ikkje akseptabel».

I følgje målingane har det vore trygt å bade ved Furustrand heile sumaren, sjølv om ei prøve som vart teken den 31. juli fekk karakteren «mindre god». Det vart teke ei ny prøve den 6. august, og denne prøva viste igjen at kvaliteten på vatnet ved Furustrand er «god».

Sandtangen har gjennom heile sumaren vorte karakterisert som «mindre god». Dette betyr at bakterieinnhaldet er høgare enn ynskjeleg, men at det likevel har vore rekna som trygt å bade her. Men ei prøve som vart teke den 6. august viste diverre at kvaliteten var «ikkje akseptabel», og kommunen frårår difor no bading ved Sandtangen inntil nye prøver ev. «friskmelder» badevatnet.

Du kan lese meir om dette og sjå oppdaterte prøveresultat på nettsidene til Miljøretta helsevern i Hallingdal og Valdres.