Avsluttar tilbod om offentleg bading på Tingvang

Øystre Slidre kommune og Rogne idrettslag har i ei årrekke samarbeida om eit offentleg badetilbod på Tingvang. I lys av drukningsulykka i Sør-Aurdal har kommunen no skjerpa krava til rutinar, opplæring og kompetanse til badevaktene – krav som Rogne idrettslag også meiner er riktige og naudsynte for å kunne gje eit sikkert og trygt badetilbod for alle partar.

Idrettslaget ser at dei ikkje vil klare å svare ut desse krava, og har informert kommunen om at dei no avsluttar samarbeidet om badetilbodet, med verking frå 9.1.2026.

Tilbodet har eksistert i ein årrekke, og kommunen og idrettslaget er samde i at dette er eit viktig og mykje brukt tilbod. Kommunen vil no undersøkje om det er andre lag eller organisasjonar som kan vere interesserte i å overta denne oppgåva, eller om vi kan vurdere andre driftsmodellar. For spørsmål eller interesse – kontakt kultursjef, Øystein Skattebu.

Enn så lenge vil vi opplyse om at det er tilbod om bading/symjing på Beitostølen Helsesportsenter onsdag kveld og laurdag på dagtid.

Øystre Slidre kommune vil takke Rogne idrettslag for den frivillige innsatsen dei har lagt ned for dette tilbodet, i alle desse åra.