Årsbudsjett 2023 og økonomiplan 2023-26

Kommunestyret vedtok den 15. desember årsbudsjett for 2023 (inkl. gebyrliste/betalingshefte), og økonomiplan for 2023-2026, i sak 61/22.

 

Du finn ein elektronisk versjon av økonomiplan/årbudsjett her.

Lenke til kommunestyresaka med vedlegg finn du her

Budsjettet vart som lagt ut til offentleg høyring, men med dei mindre rettingar som vi la fram i ØP-notat 6 til kommunestyremøtet (som medførte 551` betra av driftsresultat og redusert bruk av disposisjonsfond, og framskunding av VA Kolleberg med 5.000` frå 2024 til 2023).

Frå forordet:

Den økonomiske situasjonen for kommunen i 2023 er svært krevjande og usikker. Grunnen til det er at utgiftene til kommunen aukar sterkt, som følge av auka straumkostnader, auka rente og sterk lønsvekst som følgje av fleire tilsette.  Auken i overføringane frå staten dekker ikkje dei auka kostnadene. 

Kommunestyret legg vekt på å sikre ein god og føreseieleg økonomisk ramme for tenestene i kommunen, og har vald å ikkje kutte i tenestene i 2023 for å balansere budsjettet. Kommunestyret har i staden vald å bruke oppsparde midlar, dvs. bruk av fond, for å dekke dei auka kostnadene.  Dette tærer sterkt på reservane til kommunen, og kan ikkje halde fram som ei varig løysing. 

Det er stor usikkerheit til straumkostnader og kraftinntekter i økonomiplanperioden. Dersom kraftinntektene ikkje tek seg monaleg opp frå 2024, må kommunestyret redusere investeringsnivået i generaløkonomien, kutte i tenesteomfanget eller auke andre inntekter frå 2024. Det er lagd inn ein auke i eigedomskattinntektene frå 2024, ved at skattesatsen aukar frå 3 til 4 promille. Kommunestyret må i desember 2023 ta stilling til om eigedomsskatten skal aukast eller om andre tiltak skal gjennomførast for å få balanse i økonomien.