Arbeidet med stisykkel-løypa har starta

Tysdag morgon starta Beitostølen Utvikling arbeidet med å bygge ei stisykkel-løype på Beitostølen.

Arbeidet, som i første omgang skal gje ei sykkelløype på 3,1 km, er kostnadsrekna til om lag 2 mill. kr, og  blir finansiert av kommunen. Beitostølen Utvikling står ansvarleg  for opparbeiding og drift.

Løypa som er tilrettelagt for artige sykkel-opplevingar for familiar og  rørslehemma, vil bli eit viktig opplevingstilbod til alle som bur, besøker eller har eit opphald på Beitostølen. Løypa vil gå frå trillestigen på Garli, bort til skiheistoppen og koplast saman med eksisterande trillesti.

Ein har i prosjekteringa lagt stor vekt på at traseen skal byggast med eit minimum av inngrep i landskapet, men nytte seg av naturlege søkker og småtopper, samt  og svinge seg rundt steinar og anna,  for at sykkelopplevinga skal bli så morosam som mogeleg.

Ein har som mål at løypa kan takast i bruk i september.