Arbeidet med nye Skolte bru - informasjon frå Innlandet fylkeskommune

Den smale brua på fylkesveg 2508 skal byttast ut med ei heilt ny bru med to køyrefelt. Arbeidet startar i veke 13 og skal vere ferdig i løpet av oktober.

Stenging av fylkesveg 2508

Bilete av Skølte bru - Klikk for stort bileteSkolte bru på fylkesveg 2508 er smal og har eit dårleg tredekke, som det er vanskeleg å vedlikehalde Rune Bratteng

Fylkesveg 2508 går over Eggeåsen mellom Skammestein i Øystre Slidre og Ellestadbygda, nordvest for Lomen i Vestre Slidre. Skolte bru ligg på den austlegaste delen av fylkesveg 2508, ikkje langt frå Skammestein.

Ettersom brua skal rivast, blir vegen stengd frå 31. mars til rundt midten av oktober. Det er den austlegaste delen av fylkesveg 2508, Skøltevegen, som blir stengd.

Omkøyring blir skilta om fylkesveg 51 frå Beitostølen og E16 frå Ryfoss om Fagernes.

Informasjon om prosjektet

Les om arbeidet med nye Skolte bru på Innlandet fylkeskommune si nettside

Informasjon om skuleskyss i perioden vegen er stengd

I samband med stenginga av Skolte bru blir det endring på linje 312. Dette påverkar skuleskyssen for nokre elevar ved Lidar skule og Øystre Slidre ungdomsskule. Skulane informerar føresette via VismaSkole-appen. Endringa gjeld frå og med 31.mars og til ca.10.oktober.

Her finn du informasjon om endringa av linje 312 for skuleskyssen

Rutetabell for linje 312 finn du her - nb her er ordinære tider oppgitt (PDF, 50 kB)