4,1 mill. kr. i netto driftsresultat i Øystre Slidre kommune

Foreløpig årsrekneskap for 2017 for Øystre Slidre kommune er gjort opp med eit netto driftsresultat på 4,1 mill. kr.

Netto mindreutgifter innan lønsområdet, renter og avdrag knytt til lån og mindre utgifter til konsulenttenester i samband med taksering av eigedomer i 2017 bidrog til at resultatet vart bedre enn budsjettert. Det vart budsjettert med negativ netto driftsresultat på 8 mill. for driftsåret 2017.

Brutto investeringsavgifter for 2017 var på 53,7 mill., som vart finansiert med 46,3 mill. kr. med lån og 7,4 mill. kr. av kommunale innskot og fond og mellom anna ved anleggsbidrag frå utbyggarar og momskompensasjon.

Samla for dei fire siste åra har det vorte investert for 136 mill. kr.

 

Investeringane i 2017 fordeler seg slik
Kommunale bygg 20,1 mill. kr.
Vatn- og avløpsleidningar 24,7 mill.kr.
Andre føremål 8,9 mill.kr.

 

Samla lånegjeld pr. 31.12.2017 var på kr.249 mill.kr., det er auke med 65,3 mill. kr. i høve til pr. 31.12.2016, medan samla innskot på 153,5 mill. kr. er ei auke p 40,7 mill.kr. i høve til 31.12.2016.

Rådmann Øivind Langseth seier han er imponert over budsjettkulturen som er innarbeidd så vel politisk som administrativt i Øystre Slidre kommune.

I og med at kommunen også i framtida står overfor investeringar er det viktig å fortsette å sette fokus på god økonomistyring avsluttar rådmannen.