304 000 kr i støtte til etablering av senter for E-sport i Øystre Slidre kommune

Øystre Slidre kommune og Ungdomens kulturhus Gapahuken er tildelt 304 000 kr i stønad til eit treårig prosjekt for å etablere eit senter for E-sport i kommunen.

Øystre Slidre kommune har eit ynskje om å vere lengst framme i skoen når det kjem til tilrettelegging av ungdomstilbod. Det er viktig at ungdomane får vere med å definere sin ungdomskultur og kva tilbod dei ynskjer seg på fritida. Her skal kommunen og ungdomsklubben vere medspelarar i tilrettelegging av desse tilboda, i prosessar der ungdom skal få tilhøyrigheit og eigarskap til dei tilboda dei er med å skape sjølv.

Gaming er den aktiviteten som er i størst vekst på verdsbasis, kva angår aktive spelerar. Dette er også synleg i Øystre Slidre. Ungdomsklubben har prioritert tid og ressursar til regelmessige gaming-arrangement for ungdom i Gapahuken dei siste åra. Føresette uttrykker glede over at kommunen legg til rette for aktivitet for denne målgruppa, medan ungdomane gjerne skulle sett at det skjedde litt oftare. Det er og mange unge utanfor hovudmålgruppa til ungdomsklubben som har ynskje om eit slik tilbod.  

Dei siste to åra er det jobba fram ei prosjektskisse for etablering av eit senter for E-sport og gaming i kommunen. Sparebankstiftelsen DNB har no gått inn med 304 000 kr til dette prosjektet, som har mål om å etablere ein sosial møteplass for gamerar i alle aldrar. Koronatida med sine nedstengingar av andre sosiale aktivitetar, har vore med å løfte fram dei mange positive sidene ved gaming. Gaming er ein sosial aktivitet der folk møtast på tvers av alder, interesser og føresetnader, som er gøy og som gjev meistringskjensle. Gjennom spel kan ein også utvikle relevante digitale ferdigheiter som vert stadig viktigare i den moderne og framtidige arbeidsmarknaden. I tillegg til dette er gaming leik og ein sport du faktisk kan konkurrere i, både som topp- og breiddeidrett.

Prosjektet kommunen har fått stønad til, har ei tidsramme på tre år. Etter prosjektperioden er målet at E-sportsenteret skal vere drive på ideelt grunnlag, av ein organisasjon med gamerar for gamerar. Ungdomsklubben og ungdomskonsulenten vil ta styring i å drive prosjektet framover, med stort fokus på brukarmedverking. Kommunen ynskjer å koma i kontakt med unge og vaksne gamerar som vil vere med å drive dette prosjektet framover. Me søkjer folk med spelkompetanse, teknisk kompetanse på data og ikt, som er opptekne av gode oppvekstvilkår og lokalmiljø og som ynskjer å bidra til å skape og drifte dette tilbodet på sikt. Aktiviteten ved senteret skal også ha innslag av fysisk aktivitet og fokus på gode matvanar, og me er difor opne for samarbeid med andre lag/organisasjonar og idrettslag med felles innhald og verdigrunnlag.  

Følg arbeidet vidare på Gapahuken sine facebooksider, www.facebook.com/ukgapahuken

Er du interessert i å bidra, kan du kontakte ungdomskonsulent Øystein Skattebu på tlf. 41222840 eller oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40