21,5 mill. kr i netto driftsresultat i Øystre Slidre kommune

God styring og meirinntekter i kraftforvaltninga og betre skatte- og gebyrinntekter, bidrog til eit positivt driftsresultat i Øystre Slidre kommune. Foreløpig årsrekneskap for 2018 er gjort opp med eit netto driftsresultat på 21,5 mill kr. Dette utgjer 6,5 % av driftsinntektene. Regnskapsmessig mindreforbruk var på 12,9 mill kr.

Avviket mot driftsbudsjettet (også kalla rekneskapsmessig mindreforbruk) var på 12,9 mill. kr, og kan forklarast slik:

  • Meirinntekter frå skatt og rammetilskott: 3,9 mill. kr
  • Mindreforbruk drift og vedlikehald kommunale bygg: 2,7 mill. kr
  • Netto mindreutgifter innan flyktningetenesta: 2,7 mill. kr
  • Netto mindreutgifter til renter og avdrag: 1,2 mill. kr
  • Øvrige netto mindreutgifter: 2,4. mill. kr

Investeringsregnskapet for 2018 viser brutto investeringsutgifter på 80 mill. kr.

Samla lånegjeld pr 31.12.2018 var på  237,7 mill. kr. Dette er ein nedgang på 11,4 mill kr frå året før.

Rådmann Øivind Langseth seier han er imponert over budsjettkulturen som er innarbeidd så vel politisk som administrativt i Øystre Slidre kommune. -Dette er grunnlaget for at kommunen kan legge fram gode resultat i år etter år, avsluttar ein stolt rådmann.