17.mai i Øystre Slidre - Øystre Slidre kommune

17.mai i Øystre Slidre

Velkomen til 17. mai-feiring! I år blir det tale ved Marit Knutsdatter Strand, som nyleg har flytta heim til Beito etter fire år på Stortinget. Gruppa Kælvemellin skal underhalde i amfiet, og det blir felles nummer med korps og skulekor frå begge barneskulane. Nytt i år er det at ordføraren får ungdommeleg hjelp til programleiarjobben!

Elles er programmet gjenkjenneleg for dei som har feira 17. mai på Tingvang og Heggenes dei siste åra. Foreldra på sjette trinn ved begge barneskulane står for arrangementet, i samarbeid med kommunen.

Program for 17. mai i Øystre Slidre

Programmet for 17.mai-feiringa i Øystre Slidre finn du her på foreningsportalen