FlyktningtenesteFlyktningtenesta i Øystre Slidre er administrativt lagt til området opplæring og kultur. Introduksjonsopplæringa blir gjeve av tilsette i flyktningetenesta. Pr i dag foregår opplæringa i Klima+ bygget på Tingvang Introduksjonsprogrammet tek sikte på å gje grunnleggjande ferdigheiter i norsk, grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv og forberede for deltaking i yrkeslivet. Introduksjonsprogrammet varar som regel i to år på heiltid. Kommunen arbeider for at flyktningane blir godt kjende med lokalsamfunnet dei bur i og med lag og organisasjonar som har tilbod på fritida. Det er og positivt at lokalsamfunnet blir betre kjende med flyktningane som enkeltmenneske, ikkje berre ei gruppe. Bli-kjend-kveldar, aktivitetsdagar, utstyrssentral for utlån av friluftsutstyr, språkpraksisplassar i arbeidslivet og faddergrupper som kan vere "gode naboar", er nokre av dei tiltaka vi ynskjer skal bygge ned hinder for integrering og bygge opp det vi kallar "kvardagsintegrering". Kommunen ynskjer å legge til rette for at dei vi buset i vår kommune skal oppleve å bli møtt med respekt, toleranse og ei klår forventning om snøgg samfunnsdeltaking. Kva er skilnaden mellom ein flyktning og ein asylsøkjar? Ein asylsøkjar er ein person som har søkt om beskyttelse (asyl) i Norge, og ikkje har fått søknaden sin endeleg avgjort. Per i dag er det ikkje asylmottak i Øystre Slidre kommune og difor ingen asylsøkjarar. Ein flyktning er ein person som fyller krava til å få beskyttelse (asyl) i Norge, og som har fått vedtak om busetjing i ein kommune. Busetjing av flyktningar For kommunane er busetjing av flyktningar ei frivillig oppgåve. IMDI sender ut anmodning om busetjing av flyktningar til kommunane basert på behov og det er kommunestyret som vedtek kor mange flyktningar ein ynskjer å busetja. Korleis kan du hjelpe flyktningar i Øystre Slidre? Gjennom å bidra som fadder, norskven, leksehjelp, aktivitetskontakt, kontaktpunkt til lag og organisasjonar kan du vera til god hjelp og støtte for flyktningane våre. Dersom du har brukte klede, sko eller sportsutstyr, kan du levere dette på utstyrssentralen. IMDi har tilskottsordningar for frivillige lag/organisasjonar som kan bidra til å auke innvandrarar si deltaking i samfunnet. Dette kan du lese meir om på IMDi sine nettsider. Sist endra 19.09.2023 13.06