Vi er no i gang med å innføre Visma Sikker Sak for barnehage og skule. Tenesten er eit tillegg til Visma Flyt barnehage og Visma skole og skal sikre korrekt handtering av sensitive personopplysningar.
Barnehage og skule vil gjennom Sikker Sak kommunisere sikkert og digitalt med ekstrene samarbeidspartnere som helsevern, barnevern og PPT, og med dykk som føresette.
Korleis vil innføringa av Sikker Sak påverke kommunikasjon med føresette?
I praksis vil de som føresette merke lite til at vi tek i bruk Sikker Sak. Den største endringa blir at kommunikasjon ut til føresette vil gå føre seg digitalt, post blir sendt til kvar enkelt føresett si valgte digitale postkasse (Digipost, e-Boks eller Altinn). Du kan finne informasjon om digitale postkasser på nettsida til norge.no
Dersom barnehage eller skule treng din signatur på eit dokument, vil dokumentet kunne bli sendt deg for elektronisk signering. Ver merksam på at det er oppgitt ein frist for å signere.