Rett til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Mange nyankomne innvandrarar har rett til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Dette gjeld til dømes flyktningar og familieinnvandrarar mellom 18 og 67 år.
Personar som oppheld seg i Noreg etter EØS-regelverket har ikkje rett til gratis undervisning, det har heller ikkje arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar. Ta kontakt med oss om du er usikker på om du har rett til gratis undervisning eller ikkje.
Viss det er kapasitet, kan vi òg tilby undervisning til personar som ikkje har rett til å få denne gratis. Ta kontakt med oss om du ønskjer norskundervisning.
Søkje om norskopplæring
For å søkje om norksopplæring, ber vi om at du fyller ut et skjema og sender det til kommunen, enten i ordinær post eller via e-post.
Søknadsskjema for norskopplæring finn du her (DOCX, 49 kB)
Avlegging av prøver
Læringssenteret er godkjent prøvestad for norskprøva, samfunnkunnskapsprøva og statsborgarprøva.
For meir informasjon om prøvane, sjå nettsida til direktoratet for høgare utdanning og kompentanse. Du melder deg sjølv på til prøveavlegging via nettsida. Lenke til informasjonen og påmelding finn du her:
Informasjon til deg som skal ta prøve finn du her på https://prove.hkdir.no/
Grunnskuleopplæring for vaksne
Personar som treng grunnskuleopplæring for vaksne, søker til læringssenteret om dette. Sjølve opplæringa går føre seg på Nord-Aurdal læringssenter.