Gradering av betaling
Betaling av plass i kulturskulen blir gradert slik:
Inntekt
- inntil 2G (kr.248 056) friplass
- inntil 3G (kr. 372 084) 30% betaling av full pris
- inntil 4G (kr.496 112) 60% av full pris
- inntil 5G (kr.620 140) 80% av full pris
- meir einn 5G ordinær pris
Dokumentasjon av inntekt
Inntekt må dokumenterast med skattemelding for siste året, skattemeldinga finn du i altinn. Dersom ei hushaldning ikkje har skatteopplysingar frå førre året, eller det er vesentleg og varig nedgang i hushaldinga si inntekt, vil kommune be søkjar om anna dokumentasjon på hushaldninga si person- og kapitalinntekt.
Kven reknast som ei hushalding?
Som ei hushalding reknast ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.
Som sambuarar reknast to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.
Ved delt omsorg der barn bur fast hos begge foreldre, blir foreldrebetalinga rekna ut i frå inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet.
Vedtak
Eit vedtak gjeld for eit kulturskuleår, haust- og vårsemester, så framt det er søkt innan fristen. Søknadar som kjem etter at faktura for haustsemeseteret er sendt ut, vil gjelde for vårsemesteret.
Det må søkast på nytt for kvart kulturskuleår.
Søknadsfrist for skuleåret 2024/25
Søknadsfrist er 1. oktober. Søknadar som kjem inn etter dette, vil bli behandla til å gjelde for vårhalvåret.
Søknadskjema
Søknadskjema finn du her