Øystre Slidre kulturskule

Øystre Slidre kulturskule

 

Øystre Slidre kulturskule tilbyr eit variert og individuelt tilpassa opplæringstilbod i ulike kunst- og kulturfag. Kulturskulen er eigd og driven av Øystre Slidre kommune, og har mål om å vere eit lokalt kultur- og ressurssenter for alle innbyggjarar i kommunen. 

 

“meistringsskulen - sjølvtillitskulen - finne seg sjølv-skulen” 

Kulturskulen tilbyr opplæring og aktivitetar på ulike musikkinstrument og musikkfag, i kunst, teater og hallingdans. Kulturskulen har om lag 120 elevar på 150 elevplassar, og samarbeidar godt med dei andre kulturskulane i Valdres og grunnskulane i kommunen om organisering av ulike undervisningstilbod og bruk av felles lærarar.

Undervisninga: 

Undervisninga blir gjeve i grupper eller som individuelle timar. Lengda på undervisningstimane varierer mellom dei ulike gruppetilboda, medan einetimane er på 20 minutt. Spesielt interesserte kan søkje om utvida undervisingstid med inntil 10 minutt i veka. Me tilbyr også eit fordjupingstilbod for elevar med særs gode ferdigheiter og sterk interesse for faget. Me kan også tilby undervisning for vaksne ved ledig kapasitet. 

Undervisninga i kulturskulen fylgjer skuleåret, med utgangspunkt i 38 undervisningsveker per skuleår. Mesteparten av undervisninga er etter skuletid, på ettermiddag og kveld, men kan og i enkelte tilfelle leggjast til friminutt i skuletida. I tillegg til undervisninga, vert det lagt opp til at elevane skal formidle sine uttrykk gjennom å spele konsertar eller å ta del i andre typar framføringar, opptredenar eller utstillingar.

Opptak:

Kulturskulen har hovudopptak på våren, med søknadsfrist 10.april. Me tek elles inn elever gjennom heile skuleåret, dersom det er ledig plass på tilbodet. 

Elevbetaling:

Kulturskulen sine tilbod er subsidierte av kommunen, og stiller krav om betaling av ein eigenandel i form av elevbetaling per tilbod. Sjå betalingssatsar for kulturskulen lenger ned på sida. 

 

 

Følg oss gjerne på 

facebook

 

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40

Adresse

  • Besøksadresse
    Tingvang - Bygdinvegen 1989
    2940 Heggenes
  • Postadresse
    Bygdinvegen 1989
    2940 Heggenes
  • Organisasjonsnummer
    961 382 068
  • Kontonummer
    2135.07.05705
  • Tilgjengelegheitserklæring (nynorsk)