Beskriving
Barnehageloven sin § 16 - rett til plass i barnehage:
"Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass fra august i samsvar med denne lov med forskrifter.
Barn som fyller ett år i september, oktober eller november det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år i samsvar med denne loven med forskrifter. "
Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er busett, (folkeregistrert). Søknadsfrist til opptaket blir fastsatt av kommunen, i Øystre Slidre er søknadsfristen 15.februar.
Kommunen sørgjer for at det er felles opptak for alle barnehagane i kommunen, men kvar barnehage kan velje eiget formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform.
Målgruppe
Born 1 til 6 år som bur i kommunen.
Kriterium
Desse blir prioriterte ved opptak:
- Born med nedsett funksjonsevne
- Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
- Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta
I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.
Pris
Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass.
Kommunen skal sørgje for at foreldre med meir enn eitt barn i barnehage får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar og i barnehagar med forskjellige eigarar.
Handsaming
Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.
Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.
Har du ikkje fått oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt om barnehageplass ved hovudopptaket, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving. Krav om skriftleg grunngjveing rettast til kommunen.
Klage
Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.
Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.
Vedlegg
Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.
Rettleiing
Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane, du søker elektronisk via Foresattportalen. Du sender ein søknad for kvart barn du søkjer om plass for.
Det er tre barnehagar i kommunen. Beito Barnehage og Rogne barnehage er kommunale barnehagar. Heggebø Friluftsbarnehage er ein privat barnehage.
Du søker om ønska plasstype og kan rangere dei tre barnehagane som 1., 2. og 3.val. Det er høve til å krysse av for at du ønsker tilbod om andre plasstypar i dei valgte barnehagane. Retten til barnehageplass gjeld innafor kommunen sine barnehagar, ikkje ein enkelt barnehage.
Oppdatert