I tillegg har vi mange flotte plassar utanfor gjerdet som vi nyttar til opplevingar, leik og læring:
- Gapahuk og båt ved fjorden. Vi set ut garn og fiskar
- Gapahuk i skogen
- Ski og aking på jordet til naboen
- To leikeplassar i boligområdet
- Idrettsplassen og skuleplassen
Personalet har høg kompetanse og utfyller kvarandre, og nyttar mykje humor som eit viktig krydder i kvardagen.
Med felles mål og verdisyn har vi ein plattform der vi vil legge til rette for trygge, sjølvstendige barn. Dei vaksne viser toleranse og respekt i dette arbeidet. Vi er fleksible og serviceinnstilte.
Vår satningområde er "Gode relasjonar mellom vaksne skapar eit godtsamspill i barnehagen!"
Relasjonsarbeid, barn-barn, barn-vaksen og vaksne imellom. Fokus på arbeidsmiljø og arbeidsnærvær for dei tilsette er også en del av denne satsing.
Visjon for Rogne barnehage er "For barna!".