Beito barnehage

Beito barnehage - Klikk for stort bilete

Beito barnehage ligg i vakre omgivnader nær skogen og vatnet.

 

Vi har 55 plassar i barnehagen fordelt på Eventyrstien og Konglekroken. Vi tek imot barn mellom eitt og fem år.

Barnehagen er bygd i 2005, og har lyse og trivelege lokale med godt inneklima.

Vi kan tilby

  • Eit stabilt og godt kvalifisert personale
  • Vi bruker aktivt naturen rundt barnehagen og legg vekt på å være mykje ute
  • Eigen gapahuk
  • Dei minste barna søv ute i sovekrybber/vogner heile året
  • Brukarundersøkingar kvart andre år

Høgskulen Innlandet har eit samarbeid med valdresregionen der målet er å auke kompetanse gjennom rettleiing av utviklingsarbeid. I Beito barnehage har vi valt utviklingsarbeid der fokus er relasjonsbygging vaksne - barn med spesielt fokus på utetida. Arbeidsmetoda ein nyttar i utviklingsarbeidet er aksjonsforskning der målet er å skape og studere endring i utviklingsarbeidet.

Barna sine primære behov i barnehagen er: omsorg, tryggleik, respekt og å bli sett. Personalet har ansvar for å bidra til at barna får dekka desse grunnleggjande behova. Gjennom haldningsskapande arbeid og konkret handling, skal personalet, i samarbeid med heimane, skape eit trygt, inkluderende og stimulerande barnehagemiljø som skapar trivsel.

Visjon for Beito barnehage: "Det unike mennesket i fellesskapet".

Kontaktinfo

Dagny Viola Björklöf
Styrar/tenesteleiar
E-post
Mobil 99 50 09 55
Avdeling Eventyrstien
Mobil 91 00 01 22
Avdeling Konglekroken
Mobil 91 00 02 47

Åpningstider

Måndag - fredag: 07.15- 16.45

 

Frå og med 1. april 2023

  • Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl.12.00
  • Stengt i romjula
  • Stengt i veke 29 og 30

Adresse

Øyangsvegen 11
2952 Beito

Kartpunkt