ProsjektportalHer finn du informasjon om planlagte og pågåande prosjekt for veg, vatn, avløp og bygg. Informasjonen vil bli fortløpande oppdatert. Vatn og avløpsutbygging VA Finntøpplie Gravearbeida for offentleg vatn- og avløpsnett er i sluttfase for VA Finntøpplie. Det står att pynting av overflate og diverse mindre oppgåver, som blir utført vår/summar 2024. Skibru Finntøppvegen vart ferdigstilt haust 2022. VA Bergojordet Kommunen er i gang med grøftearbeid for nye vatn- og avløpsleidningar som skal leggast over Bergojordet på Beitostølen. Det kommunale prosjektet er ein fortsetjing av eit prosjekt ifrå 2017- Beitostølen Sentrumsutvikling. Prosjektet skal løyse lokal overvassproblematikk frå Beitostølen sentrum, bidra til sikker vassforsyning og sikre avløpshandtering i området. Prosjektet ferdigstillast våren 2024. VA Kølleberg Øystre Slidre kommune bygger ut ledningstrasé for påkobling av kommunalt vann og avløp i og rundt Kølleberg bustadfelt i Skammestein. De nye ledningsparsellene har lengde på ca 730 meter og koplast på den eksisterande kommunal VA. Det legges til rette for at både eksisterande og nye eigedomar kan kople seg til og det blir også etablert to nye brannhydranter i området. Forventa ferdigstilling 14.06.2024 VA Skogaplassen Mørstad Info kjem. VA Nordtorp høgdebasseng Teknisk drift jobbar med å byggje framtidig vassforsyning i kommunen. Målet er å forsyne flest mogleg av innbyggjarar og deltidsinnbyggjarar med reint vatn av høg kvalitet. Vassforsyningsområda i nord (Olevatn) og i sør (Mellsenn) skal på sikt knytast saman og gje ei høg grad av forsyningstryggleik. Eit viktig steg er etableringa av eit nytt høgdebasseng ved Nordtorp (735 moh). I fyste omgang skal bassenget fyllast med vatn frå Olevatn. Prosjektet skal sikre tilstrekkeleg mengd sløkkjevatn til Hegge stavkyrkje og etter kvart forsyne sentrale viktige kundar i Heggenes sentrum som Helsetunet, Tingvang og ungdomsskulen i tillegg til kommunale abonnentar. Mellombels skal det vere mogleg å forsyne høgdebassenget med vatn frå både Olevatn og Mellsenn etter behov. Heile anlegget er prosjektert med sjølfall, slik at høgdebassenget leverer vatn også ved langvarig straumbrot. VA Nordtorp - Hegge stavkyrkje Anleggsarbeid med etablering av vatn-og avlaupsleidning mellom Nordtorp og Hegge stavkyrkje er i gang. Arbeidet kan påvirke trafikken langs FV 51 og Kyrkjevegen i korte periodar. Utførande entreprenør vil oppdatere berørte grunneigarar i heile anleggsperioden. Prosjektet bidreg til å sikre framtidig vassforsyning for Heggenes området, i tillegg til tilstrekkeleg sløkkjevatn til Hegge stavkyrkje med sjølvfall, også i krisesituasjoner. I tillegg leverer det nye anlegget kommunale avlaupstenester til eit område som ikke har hatt dette før. VA Heranglie VA Heranglie vart ferdigstilt hausten 2023. Det er no anlagt vatn og avlaupsledninger samt straum, fiber og gatelys. All vegar i bustadfeltet og gangvegen mellom Heranglie og Tingvang er asfaltert. Tomtesalet er i gang og ved interesse bes det ta kontakt med Øystre Slidre kommune på telefon 613 52 500. Nye Nedrefoss reinseanlegg Øystre Slidre kommune bygger nytt reinseanlegg ved Nedrefoss. Anlegget prosjekteres med ein kapasitet på 25 000 pe og byggestart er planlagt våren 2025. Reinseanlegget skal erstatte eksisterande reinseanlegg ved Nedrefoss, og avlaste Beito reinseanlegg. På sikt vil nye Nedrefoss reinseanlegg behandle avløpsvatn frå store deler av Øystre Slidre kommune. Nærmiljøanlegg Klyppemyrhaugen Øystre Slidre kommunen skal etablerere nærmiljøanlegg i Klyppemyrhaugen bustadområde på Beitostølen. Nærmiljøanlegget skal bestå av ei balløkke på 15X25 meter med mål og belysning, samt ein turveg på 130 meter gjennom bustadfeltet. Prosjektet omfatter også opprydding rundt området på kommunal eigedom. Planlagt oppstart våren 2024, og ferdigstilling er satt til 10.07.2024 Kommunale vegar Finntøppvegen, Tjednbakkvegen og fortau ved Beitestølsvegen. Kommunen vil starte eit omfattande arbeid med oppgradering av Finntøppvegen, Tjednbakkvegen og fortau ved Beitestølsvegen. Heile vegkroppen skal masseutskiftast og få nytt dekke. Vegbanen skal breiddeutvidast til 6 meter køyrebane, som også skal få etterlengta asfaltdekke. Det skal etablerast fortau parallelt med vegbanen, med lyspunkt langsmed fortauet. Fleire stikkrenner langs Finntøppvegen og Tjednbakkvegen skal skiftast ut og oppgraderast. Ny trase for skiløype skal opparbeidast frå Finntøpplie skibru og opp feltet i Solbakkin. Det blir også etablert ein haldeplass for buss langs Finntøppvegen, like ved Finntøpplie Skibru. Her ynskje også VKR at det skal etablerast eit nytt renovasjonspunkt med nedgravne dunkar. Prosjektet skal i gang i 2024 og vil gå over fleire år. Publisert 22.12.2023 08.43