Separate avløpsanlegg

Med separat avløpsanlegg er meint utslepp av sanitært avløpsvatn til reinseanlegg frå hus eller hytte som ikkje er tilknytt offentleg avløp. Kommunen sitt mål er at alle avløpsanlegg skal tilfredsstille dagens reinsekrav.

Søknad om etablering eller oppgradering av avløpsanlegg

Kommunen har ingen lokal forskrift, og forheld seg difor til forureiningforskrifta sitt kapittel 12: "Krav til utslipp av sanitært avløpsvatn fra bolighus, hytter og lignende."

Ved etablering av nytt avløpsanlegg eller ved auke av eksisterande utslepp, må det sendast inn søknad om utsleppsløyve jf. forureiningsforskrifta § 12-4. Etablering og endring av avløpsanlegg er også søknadspliktig jf. plan- og bygningslova § 20-1.

Avløpsanlegg for hytter

Kommunen har legalisert innlagt vann i hytter dersom det blir etablert ei godkjent avløpsløysing. Som avløpsanlegg for fritidsbustader ynskjer kommunen primært naturbasert avløpsanlegg. Om dette ikkje er mogleg å etablere, kan tett tank godkjennast.

Tilsyn av avløpsanlegg

Kommunen som myndigheit for forureining plikter å føre tilsyn med at avløpsanlegg fungerer tilfredsstillande. Ein må difor rekne med tilsyn i form av funksjonstesting. Tilsynet er belagt med gebyr.

Sjå Betalingssatsar/gebyr/faktura 

Bruk av nøytral fagkyndig føretak

For val av rett avløpsløysing anbefaler kommunen å nytte eit nøytralt fagkunnig føretak.

Føretaket skal ha fokus på å etablere den reinseløysinga som er best eigna ut frå dei naturgitte føresetnadane, miljøet samt brukaren sine interesser og økonomi - uavhengig av type reinseløysing eller produsent. Kommunen stiller krav til bruk av nøytral fagkunnig føretak i område der det er:

  • Grunntilhøve med god evne til infiltrasjon. Dersom det er moglegheit for naturleg infiltrasjon skal dette alltid nyttast. Dette blir grunngveve med at naturbaserte anlegg har betre driftsstabilitet og evne til reinsing enn minireinseanlegg. Naturbaserte anlegg er kostnadseffektive anlegg som ofte kan kombinerast med eksisterande anlegg.
  • Mogeleg konflikt med brynnar, vassdrag, eller i sårbare områder

 

Kontaktinfo

Frank Skoglund
Rådgjevar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 46 80 52 68