Fasadeendring, veranda, plattingFor denne type byggeprosjekt gjeld desse reglane:Fritak for søknadsplikt - meldepliktigFritaket gjeld berre når tomta/eigedomen ligg i eit område som har reguleringsplan, eller er avsett til byggeområde i kommunens arealdel. Mindre veranda med høgde meir enn 0,5 m over ferdig planert terreng og bebygd areal (BYA) ikkje over 15 m2. Tiltaket kan plasseras inntil 4 m frå nabogrense.(Platting med høgde inntil 0,5 m er ikkje meldepliktig, men må være i tråd med plan).Søknad utan ansvarsrett Veranda med en høgde over 0,5 m over ferdig planert terreng, og med bebygd areal (BYA) som ikkje er over 50 m2 som tilbygg eller 70 m2 frittliggande på bebygd eiendom. Tiltaket kan plasserast inntil 4 m frå nabogrense. Ynskjer ein å bygge nærare må nabo signere på erklæringsskjema.Søknad med ansvarsrett Veranda med høgde over 0,5 m over ferdig planert terreng, og med bebygd areal (BYA) som er over 50 m2 som tilbygg eller 70 m2 frittliggande på bebygd eiendom. Alle balkongar (Definisjon balkong: open bygningsdel plassert framfor dør, utkraga frå vegg, opphengt, utan understøtte, omgitt av eit rekkverk.) Tiltaket kan plasserast inntil 4 m frå nabogrense. Ynskjer ein å bygge nærare må nabo signere på erklæringsskjema. Sist endra 29.11.2017 22.28