Konsesjon i Øystre SlidreI Øystre Slidre er det to variantar av konsesjonsbehandling etter kva for eigedom som skal overdragast og kor den ligg. Eigedomar som det må søkast konsesjon på er typisk ein gard. Dette er ein standard konsesjonssøknad. (Skjema LDIR-359 Søknad om konsesjon på erverv av fast eiendom mv.) Tomter, bebygde og ubebygde har nedsett konsesjonsgrense. Det betyr at det er buplikt på alle heilårsbustader, sjølv om ein arvar dei. Dersom eigedomen er ein heilårsbustad, må ein krysse i pkt. 3.B på skjemaet (Raudt skjema LDIR-356 Egenerklæring om konsesjonsfrihet i kommuner med nedsatt konsesjonsgrense). Dersom eigedomen er heilårsbustad og ikkje skal brukast som det, må ein søke om konsesjon på lik linje med eigedomar i pkt.1. Denne søknaden vil bli handsama i kommunen og det blir vurdert om buplikta skal oppfyllast. Skjema med original underskrift skal sendast til kommunen for behandling, gjerne via eDialog med beskjed om kven som skal ha beskjed om resultatet av behandlinga. Her kan du sende inn elektronisk via eDialog. Når konsesjonsfridomen er stadfesta og lagt inn i matrikkelen, vil den som er oppgitt som mottaker få beskjed om at skøyte kan sendast til tinglysing. Meir informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Sist endra 21.06.2023 09.00