Trinn 1 er å finne ut kva arealføremål det aktuelle arealet har i plankartet.
Trinn 2 er å finne ut om det aktuelle arealet er omfatta av ei hensynssone (faresone, infrastruktursone, bestemmelsessone osb) i plankartet. Dette finn ein lettast ut ved å nytte digitalt kart og teiknforklaringsmenyen, jf. rettleiinga her. Merk at bestemmelsessonene (fjellområda) ikkje har skravur, her ser ein berre grensene i plankartet og bør samanstille mot temakartet her.
Trinn 3 er å finne ut kva føresegner som gjeld for det aktuelle arealføremålet. Sjekk både dei spesielle føresegnene for det aktuelle området i underkapitlet og generelle føresegner lenger opp i kapitlet. Dei generelle føresegnene i kapittel 1 må også sjekkast, generelle føresegner gjeld td. innan 30 m-sonen mot faresoner rundt vassdrag.
For dei fleste bustadar og hytter som ikkje ligg i regulerte område gjeld kap.3.3.2 eller 4.2.2 (bustader) eller 3.4.2 eller 4.2.3 (hytter). Utnyttingsgraden er her avhengig av areal. Merk at det er arealet av byggeområdet/LNF-spreidd i planen som skal ligge til grunn, det arealet er ofte mindre enn den aktuelle eigedomen sitt areal. Ver også merksam på bokstavkodene "K" og "H" i plankartet og føresegnene knytt til dei kodene. Nokre få eigedomar har eige namn i plankartet og eigne føresegner.
Trinn 4 er å finne ut kva føresegner som gjeld for eventuelle aktuelle soner. Mange eigedomar er omfatta av infrastruktursoner med krav knytt til felles avløpsanlegg. Benevning av aktuell infrastruktursone finn ein enklast via dette temakartet.
Det vart utarbeidd aktsemdssoner for skred og flaum. Desse er innarbeidde som faresoner i plankartet, men meir detaljar finst i rapporten.