Faktainformasjon om eigedomen blir henta frå det sentrale matrikkelregisteret. Matrikkelen inneheld data om grunneigedommar, eigar, adresser, bygningar og det grafiske bildet av eigedomen. Registreringar i Matrikkelen skjer i henhald til føringsinstruksen utgitt av Kartverket.
For å sikre at vi har korrekte opplysningar med omsyn til utvendig bygningsstandard og areal (BRA) relatert til bygningane er det gjennomført synfaring av eigedomane i kommunen..
I samband med synfaringa er det i første rekke desse opplysningane vi nyttar frå Matrikkelen:
- Eigedomsidentifikasjon (gardsnummer, bruksnummer, festenummer, seksjonsnummer)
- Type eigedom
- Kva bygningar som er oppført på eigedomen
- Areal per etasje på bygningane
- Antall brukseiningar (bustad, fritid, næring osv) per eigedom
Når det gjeld areal på bygningar, tar ein utgangspunkt i bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innanfor ytterveggene på bygningen. Arealet blir målt for kvar etasje i bygningen. Vi grupperer etasjane i:
- Kjelleretasje
- Underetasje
- Hovudetasje(r)
- Loftsetasje
Vil du vite mer om Matrikkelen, finn du informasjon på kartverket sine nettsider.
Sist endra 27.02.2019 14.56