Eigedom med meir enn ei bueinheit (bolig eller fritidsbolig) og/eller næringsformål kan seksjonerast etter reglane i eierseksjonslova. Skjemaet Begjæring om oppdeling i eigarseksjonar skal nyttast (sjå skjema over). Krav til søknad og vedlegg; sjå eierseksjonslova § 11.
Uteareal til eigarseksjon
- Dersom ein eller fleire seksjonar i eit seksjonssameige skal ha eksklusiv råderett over del av utearealet, skal det haldast oppmålingsforretning over den delen av utearealet.
- Det same gjeld når uteareal til eigarseksjon skal endrast. Rekvisisjon av oppmålingsforretning skal fylgje seksjoneringsbegjæringen.
- Grensene for utearealet må koma tydeleg fram av måleriktig situasjonskart.
Sist endra 12.01.2018 11.32