Grensejustering

For å gjera eigedomsgrenser mellom naboeigedomar meir hensiktsmessige, kan du søke om å justere grenser eller overføre areal mellom eigedomar. Vi gjennomfører enten grensejustering (ved små endringar) eller arealoverføring (ved større endringar).

Hovudvilkår for grensejustering:

  • Arealet for involverte eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
  • Grensejustering skal ikkje redusere eller auke verdien på nokon av dei involverte eigedomane med meir enn folketrygdens grunnbeløp.
  • Justeringa må ikkje vere i strid med gjeldande reguleringsplan, kommuneplan eller jordlov.
  • Sjå øvrige vilkår i Matrikkelforskriften § 34

Slik bed du om grensejustering:

  • Send  rekvisisjon til kommunen (sjå skjema over). Hugs at alle eigarar av berørte eigedomar må signere søknadsskjemaet.
  • Legg ved kart som viser ynskt justering av grensa. Du kan skrive ut kart frå kommunens WEB-kart på Valdreskart.no. Vanleg målestokk å bruke er 1:500 eller 1:1 000.

Saksbehandlingstid:

Grensejustering skal utførast innan 16 veker frå kommunen har mottatt komplett søknad.
Kommunen har vinterforskrift i perioden 01.11-15.05, og då gjeld ikkje 16-vekers fristen.