Landbrukseigedom - deling

Beskriving

Har du tenkt å dele ein eigedom du nyttar eller kan nytte til jordbruk eller skogbruk, må landbruksmyndigheitene godkjenne delinga.

Dersom føremålet med delinga gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, må samtykke til omdisponering godkjennast først.

Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom eller kan dokumentere ein privatrettsleg rett til eigedommen

Kriterium

Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.

Ein skal da vurdere

  • om omsynet til vern av arealressursane blir sikra
  • om det er ei driftsmessig god løysing
  • om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området


Ein kan òg leggje vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova.
Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Rettleiing

Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Søknaden sender du til kommunen der eigedommen ligg. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av.

Retningliner for deling av landbrukseigedom

Her kan du lese retningsliner for deling av landbrukseigedom (PDF, 115 kB)

Oppdatert

29.09.2017 09:35:37

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til det med opplysning om når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Kontaktinfo

Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 91 00 44 68