Bortfall av elektronisk kommunikasjon (EKOM) betyr at du ikkje kan ringe, sende sms, bruke internett eller mobilnett.
Oppmøtestader i Øystre Slidre kommune
Ved langvarig og fullstendig bortfall av elektronisk kommunikasjon vil kommunen normalt opprette oppmøtestader som du kan nytte om du har behov for kontakt med naudetatane (politi, brann eller akutt helsehjelp). Merk at det vil ta tid før oppmøtestadene blir operative.
I Øystre Slidre er oppmøtestadene:
- Moastogo ved Øystre Slidre Helsetun, Bygdinvegen 2120, Heggenes.
- Radisson Blu Mountain Resort Beitostølen, Bygdinvegen 3812, Beitostølen.
På desse stadene vil du møte ein representant som kan varsle naudetatane for deg. Oppmøtestadene er berre meint som ein plass for innbyggjarar som har ein naudsituasjon og som har behov for kontakt med naudetatane.
Om bortfallet varar over fleire dagar, vil kommunen også truleg oppbemanne oppmøtestadene, slik at dette også vil vere ein stad der du vil kunne motta viktig informasjon.
Legevakt
Legevakta vil fungere som vanleg. Om du har behov for akutt helsehjelp bør du vurdere om det heller er enklare/betre å reise rett til legevakta enn å ta turen om oppmøtestaden.
- På dagtid (08-15) måndag - fredag er legevakta på legekontoret på Heggenes, Bygdinvegen 2136, Heggenes.
- På kveldstid, natt og i helgene finn du legevakta på Valdres Lokalmedisinske Senter, VLMS, Garlivegen 14, Fagernes.