Kva bør ein gjera når ulykka har skjedd?
Den skumlaste tida på døgnet er i grålysninga når vi haster til jobben om morgonen; spesielt i timen mellom syv og åtte. Utover dagen fell talet på påkøyrsler kraftig, før det tek seg like kraftig opp att på sein ettermiddag og kveld. Trygg trafikk anbefaler å senke farten der det er viltfare, og spesielt ved kryssningsteder for vilt.
- Sett på naudblink, ta på refleksvest og sikre ulykkesstaden.
- Ved personskade og behov for akutt hjelp ring 113.
- Ring politiet (02800) og meld frå om hendinga. Politiet vil gi beskjed videre til fallviltgruppa i området.
- Om dyret ligg i vegbanen bør det settast ut varselstrekant.
- Dersom dyret løper frå staden, skal staden, og om mogleg fluktrua merkast med refleksband, plastpose eller anna tilgjengeleg materiale. Dette vil legge moglegheita for sporhund til å finne skada vilt.
Sist endra 13.01.2023 15.08