Jakt og fiske i Langsua og verneområda.

Du kan jakte og fiske, dersom du har jakt-/fiskekort. 

I Øystre Slidre og Langsua er det mogleg å jakte både storvilt og småvilt. Elg- og rypejakt er det som dominerer. Det har blitt jakta her i alminnelege tider, frå steinalderen og fram til dag. Ein kan framleis finne spor av fangstanlegg i deler av verneområda. Det er lett å kome seg ut på rypejakt og det blir solgt over 500 småviltkort i året i Øystre Slidre statsallmenning.

Det er mange fiskevatn, dei aller fleste med aure, nokre få med abbor. Fiskeområda er organisert i fleire fiskekortområder og med ulike fiskereglar. Men i hovudsak er stongfiske lov dei fleste stader viss ein løyse fiskekort. Barn under 16 år kan fiske gratis i perioden 01.01-20.08.

Øystre Slidre statsallmenning er ein statsallmenning som ligg i og rundt Langsua nasjonalpark. Øystre Slidre fjellstyre leige ut to hytter og har fem opne buer i og rundt Langsua-området. Dei har også tre båtar til utlån.Sjekk heimesidene deira for meir informasjon

 Meir informasjon om både sal av jakt- og fiskekort og utleige av hytter finn ein her

 

Jakt og fiskemoglegheiter kan sjekkast ut på inatur.no, her kan også leige hytter og kjøpe fiskekort til dei fleste stadene både i og utanfor verneområda.