Allemannsretten

Allemannsretten og allemannsplikter

Allemannsretten i Noreg står ganske sterkt. Den gir oss mange rettigheter, men den seier noko og om plikter me har.
Me har mellom anna lov til å gå på ski og til fots i naturen, sykle og ri langs stiar og vegar i utmarka og me kan køyre båt, fortøye og gå i land langs utmark langs kysten. Me kan hauste av naturen, bær, sopp og blomar og saltvassfisk! Det gir oss og moglegheit til å telte i utmark, i låglandet inntil to døgn, utan å spør grunneigar.

Men det forplikte oss og til å mellom anna å ikkje tråkke på dyrka mark og eng, ikkje forstyrre ville dyr, husdyr og fuglar eller kaste søppel i naturen. Ein bør også tenke over om området toler den type ferdsel du har tenkt å gjere (riding & sykling). Det er lurt å nytte alt etablerte raste- og bålplassar. Ver nøye med å rydde opp etter deg, ingenting skal ligge igjen.

Lenke til friluftsloven her  

God tur og nyt allemannsretten!