Næringsfond eigedomsskattKommunestyret vedtok å innføre eigedomsskatt i Øystre Slidre frå og med 2018. Eigedomsskatten gir noko større handlingsrom for kommunen og politikarane til å prioritera midlar til tiltak som kommunen ikkje er pålagd etter lov og forskrift. Kommunestyret har lagt til grunn at om lag 60 % av eigedomsskatten skal nyttast til tiltak som fremmer ny og etablert næringsverksemd. Kommunestyret vedtek økonomiplan og budsjett, der m.a desse midlane er prioritert til ulike tiltak. I økonomiplanen er det ei oversikt over korleis ein ser for seg at desse midlane skal nyttast. Sist endra 14.12.2023 10.32