Kva vil vi gjera?

Visjon: Rein Naturglede

Få alle hel- og deltidsinnbyggarar, næringslivs- og kommunetilsette til å kjenna til og arbeida for felles visjon.

Vi har som mål å etablera eit kompetansemiljø for framtidig hyttebygging, der byggeprosess og hyttebruk, inkludert transport, skal gje eit positivt klimaavtrykk.

Vi ønsker å utvikla samarbeid mellom planleggjarar, arkitektar, utbyggarar og entreprenørar, utviklarar av eigedomar og marknadsarbeidarar for å testa ut nye berekraftige idear og løysingar.

Vi skal bruka tilgjengeleg og utprøvd teknologi, og nyutvikla teknologi, og tilpassa rammevilkår og retningslinjer slik at nye løysingar vert tekne i bruk.

Areal- og reguleringsplanar, føresegner og utbyggingsavtalar er viktige verktøy i eit slikt arbeid, spesielt i eit positivt samarbeid med utbyggarar som ser at dette kan veraframtidsretta og offensiv næringspolitikk.

Dei ferdige løysingane skal delast og formidlast, og skape entusiasme og auka etterspørsel etter løysingar for ei berekraftig fritid.

 

 

Kontaktinfo

Mina Haaverstad
Rådgjevar
E-post
Telefon 48 18 34 53