Etablere bedrift?

Øystre Slidre kommune tek mål av seg til å vera ei kommune som legg til rette for nyetablering.

Det kan vera utfordrande å starta eiga bedrift,  men det er og ein god premie for dei som lykkast. Kanskje ikkje berre av økonomisk art, men like mykje kjensla av å meistre og skapa noko.

Kommunen har ikkje spesielle støtte- eller tilskotsordningar men ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for næring, plan og utvikling eller prosjektleiar Klima+ for sparring og råd når det gjeld vidare satsing.

Vi har hatt som politikk å prioritera arbeid med planar og arealforvaltning som gir føreseielege rammevilkår, noko som er særs viktig for å etablera ny verksemd og gje nye mogelegheiter.

Vi vil gjennom Klima+ gje næringa hjelp til å gå i ei berekraftig retning.

Kommunen har ei avtale med Valdres næringshage om bistand og hjelp i etableringsfasa,  og vi i kommunen vil svært gjerne snakke med deg, høyra om planane og gjerne koma med tips om vegen vidare.

Oppstartsfasa for ny bedrift kan vera krevjande og vi oppmodar bedrifter og gründerar til å kontakta samarbeidspartnarane våre for rådgiving og støtte både i nyetablering og i nye prosjekt.

Her er noen nyttige lenker:

Kontaktinfo

Mina Haaverstad
Rådgjevar
E-post
Telefon 48 18 34 53