Motorferdsel i utmark

Generelt er det forbod mot motorferdsel i utmark og på vassdrag. Forbodet gjeld også islagte vassdrag.

Innsjøar og vassdrag

På følgjande innsjøer med areal større enn lik 2 km2 er ferdsel med motorfartøy tillate: Vinstervatnet m/øvre Bjørnhølen, Sandvatnet, Olevatnet, Øyangen (Beito), Heggefjorden, og Volbufjorden. På Finnefjorden og Yddin samt innsjøer med areal mindre enn 2 km2 og elver er ferdsel med motorfartøy ikkje tillate. Motorfartøy omfattar fartøy både med forbrenningsmotor og elektrisk motor. Det er fartsgrenser på kvar enkelt vatn (sjå lokal forskrift).

På Volbufjorden og den del av Øyangen som ligg i Øystre Slidre sør for ei rett linje vestover frå Houganeset er det tillate med inntil 40 HK motor etter søknad ved bruk til vannsport.

Motorferdsel på vinterføre

Transportbehovet skal primært dekkjast via leigekjøring. Løyve tildelast innabygdsbuande som helst kombinerer slik transport med transport som er direkte heimla i lov eller forskrift.

Løyve for leigekjøring tildelast for ei periode på 4 år, og kjøring skal skje etter nærare fastsette vilkår. Ved brot på fastsette vilkår kan løyvet inndragast.

Dei som har fått tildelt leigekjøring kan i ervervsmessig øyemed ta på seg oppdrag frå andre når det gjeld:

  • transport mellom bilveg og hytte
  • tilsyn med privat hytte på eigarens oppdrag
  • transport for massemedia på reportasjeoppdrag
  • transport av funksjonshemma
  • transport av ved
  • transport etter dispensasjon i medhold av denne forskrifts § 6

Leigekjøraren kan risikere å miste leiekjøringsløyvet sitt og få bot dersom han tek på seg oppdrag som ikkje er ein del av avtala om leigekjøring.

Kontaktinfo

Nina Karoline Svensrud
Rådgjevar landbruk og utmark
E-post
Telefon 47 68 34 26