"Stammespråk" - nyttige ord og uttrykk om skog

Under er ei opplisting av nyttige ord og uttrykk om skog:

  • Avstandsregulering= Regulering av avstanden mellom tre og treslag i tette foryngingar for å gje dei beste småtrea betre sjansar til å utvikle seg som framtidstre.
  • Avverking= Hogst av tømmer
  • Balansekvantum= Det høgste hogstkvantum som (ved eit bestemt skogkulturprogram) kan avverkast kvart år inntil den en gang i framtida kan aukast (dersom skogen blir skjøtta godt). Balansekvantumet må reduserast for topp og avfall for å komme fram til nyttbart volum.
  • Bestand= Eit bestand er eit område i skogen der trea er nesten like gamle og stort sett av same treslag. Omgrepet blir nytta om skogarealer på minst 2 dekar(daa).
  • Biotop= Eit naturleg avgrensa område med nokolunde einsarta miljø, lokalklima, jordbotnsforhold og plante- og dyreliv. Kvar enkelt biotop utgjer eit livsmiljø for enkelte planter og dyr. Det er biotopens eigenskaper som avgjer kva planter og dyr som finnes der.
  • Bonitet = eit uttrykk for markas evne til å produsere trevirke. Høg bonitetsverdi angir stor produksjonsevne. Til dømes kan eit skogbestand ha bonitet G11.
    • 6-8 er låg bonitet, tilvekst minst 0,08m3/daa/år
    • 11-14 er middels bonitet, tilvekst minst 0,25 m³/daa/år
    • 17-20 er høg bonitet, tilvekst minst 0,40 m³/daa/år
    • G står for gran og F står for furu.
  • Brysthøgde= 1,3 meter over marknivå. Ved måling av (brysthøgde)alder, bonitet og m3/daa skal brysthøgde nyttast.
  • Dekar (daa)= Nemning på flatemål/areal. Eit dekar er eit tusen kvadratmeter. I skogbruk/jordbruk blir ofte uttrykket «mål» nytta for det same.
  • Drift= Ei organisert avverking i eit avgrensa område.
  • Evighetstre= sjå livsløpstre.
  • Fleirbrukselement= enkeltobjekt, områder eller skogtilstand i landskapet som er av spesiell verdi for andre brukargrupper, biologisk mangfald eller kulturhistoriske interesser.
  • Fjellskoghogst= Gjennomhogst eller plukkhogst i fjellskog. Kan også være en blanding av små flatehogster, gruppehogster og bledningshogster.
  • Fleirbruksholt: ei samling av fleirbrukselement med tilgrensande vegetasjon som bevisst er satt igjen ved skogbehandlinga for å ta omsyn til naturmiljø og landskapsestetikk, og som får utvikle seg fritt. Slike holt kan være frå nokre hundre kvadratmeter og opp til 1 - 2 dekar store.
  • Fleirbruksomsyn=tilpassingar og omsyn som skogbruket i samsvar med sitt sektoransvar skal ta til andre brukarinteresser, biologisk mangfald og kulturhistoriske interesser. Eksempel: setta igjen livsløpstre, fleirbruksholt, kantsonar, utforming av hogstflater, omsyn til; kulturminner, tiurleik, sumpskog, bergskrentar og nøkkelbiotopar.
  • Fleirbrukstre= sjå livsløpstre.
  • Forynging = Å få det til å vokse ny skog der det er hogd. Planting, såing eller ”naturlig forynging” (når ny skog kommer opp av seg sjølve).
  • Foryngingshogst=når gamalskogen blir hogd og det skal startas eit nytt omløp med skog. Det er dette tiltaket i skogbruket som har størst verknad knytt til dei økonomiske tømmerverdiane for skogeigar. Hovudhogst er eit anna omgrep for det same.
  • Framtidstre= er dei trea i skogen som er sunne og livskraftige og som har ein god form. Dei trea med best utviklingspotensial. Med tida blir desse trea hogd i ein foryngingshogst.
  • Flatehogst= ein open hogstform der dei fleste trea på eit område (ein flate) blir hogd. Ein hogstflate blir oftast (og best) forynga ved planting.
  • Frøtre= Eldre, velutvikla tre som blir spart ved slutthogst for å sørgje for naturlig forynging. Som regel furu, da gran er stormsvak og meir utsatt for uttørking.
  • Frøtrestilling= Open hogstform. Ved hogst blir det satt igjen 1-15 frøtre pr. dekar for å sikre naturlig forynging av furu. Mye nytta for furu.
  • Gankvist= Ein ekstra topp som begynner midt på stammen, ofte forårsaka av toppbrekk/snøbrekk, (elg)beiteskade eller anna. I samband med gankvist har stokken ofte ein tverrkrok som viser at ei sidegrein har danna nytt toppskott og ein får ei forskyving av stokkens sentrum. Gankvist er ein virkesfeil og blir ikkje godkjent i sagtømmer.
  • Gjennomhogst= Hogst av smågrupper av større tre i sjikta skog med sikte på å få dei mindre trea opp i drivverdige dimensjoner. I nokon MIS figurar er det til dømes lov med ei forsiktig gjennomhogst.
  • Grunnflatesum= Uttrykker eit bestands tetthet og er summen av enkelttreas grunnflater pr. hektar målt i brysthøgde. Blir målt ved hjelp av relaskop. Brukt ved berekning av bestandets kubikkmasse pr. dekar.
  • Henteklarmelding= ei melding som blir sendt digitalt frå ein tømmerleverandør (skogeigar) eller frå ein entreprenør til tømmerkjøpar når eit avtalt kvantum tømmer er klart for transport.
  • Hogstformer=eit overordna omgrep for ulike måtar å hogge skog, til dømes fjellskoghogst eller flatehogst.
  • Hogstmognad= Betyr at skogen på grunn av alder eller andre forhold (råte, tørke o.l.) ikkje lenger utnytter produksjonstilhøva tilfredsstillande og det er meir økonomisk å hogge trea og starte eit nytt omløp enn å la dei vokse vidare.
  • Hogstklasse= eit omgrep som skildrar skogbestandets utviklingstrinn.
    • I=Snau hogstflate, utan planter, som skal plantast eller foryngast.
    • II=nettopp planta og opp til 10 – 12 m høgde og 20-30 års alder. Det kan vere aktuelt og lønnsamt  med ungskogpleie.
    • III=yngre produksjonsskog. Skogen er blitt så stor at den gir brukbare dimensjonar. Tilveksten er høg og aukande.
    • IV=eldre produksjonsskog, snart hogstmoden
    • V=hogstmoden skog, tilveksten aukar ikkje frå det eine året til det neste.
  • Husholdningsalder= Den alderen eit tre har ved ein bestemt høgde dersom det har fått utvikle seg utan hindringar av noe slag.
  • Humus=det organiske materialet som utgjer det øvre sjiktet av skogbrunnen. Dette sjiktet består av strøfall (blader, nåler, visne plantedeler mm) og kan vere nedbrotne i varierande grad.
  • Kubikkmeter (M3)=volum av tømmer blir oftast målt i kubikkmeter. Ein kubikkmeter er det same som tusen liter.
  • Impediment= Uproduktive areal, f.eks. fjell i dagen, myr, grustak o.l.
  • Kulturminne=spor etter menneskeleg aktivitet, til dømes tjæremiler, kullgroper, rydningsrøyser og fangstgroper. Sjå eigen side.
  • Livsløpstre = tre som skal sparast ved hogst og som primært er valt blant de eldste trea. Dei skal vere i skogen i all framtid for å ta omsyn til biologisk mangfald. Evighetstre og fleirbrukstre er andre omgrep for det same. For tømmerkjøp, større enn 100 m3, uansett driftsansvar, skal livsløpstrear kartfestast ved foryngingshogst.
  • LNF-områder= områder avsett til landbruks-, natur-, og friluftsformål i kommuneplanens arealdel.
  • Lukka hogst=hogst som enten er avgrensa til et areal på maksimalt 2 dekar, eller der det etter hogst står igjen minst 16 trær pr. dekar. Omfattar hogstformer som bledningshogst, skjermstillingshogst, gruppehogst og fjellskoghogst.
  • Lunne = Ein haug med tømmer, sortert etter kva det skal nyttast til.
  • Læger=liggande døde trestammer
  • Marginalskatt= er den skatteprosenten du må betale om du tener éi krone meir. Marginalskatten regnes ofte av den neste/siste krona du tener.
  • Markberedning=eit skogbrukstiltak for å legge til rette for naturleg forynging, såing eller planting. Med spesialutstyr eller med gravemaskin blir det øvre vegetasjonsdekke og dei øvre delane av jordsmonnet arbeida med. 
  • Massevirke= Tømmer som ikkje held kvalitetskrava til sagbruka, blir kalla massevirke.

    Massevirke blir sendt til treforedling. Treforedling er eit fellesnamn for industri som behandla trevirke mekanisk eller kjemisk til tremasse og cellulose. Produkta er kjenneteikna ved at fiberstrukturen i trevirket er borte, som for eksempel i papp og papir.Middelhøgde= ein faktor som blir brukt ved berekning av kubikkmassen pr. dekar.

  • Miljøverdi=andre verdiar knytt til skogområda som ikkje er tre og tømmer. Miljøverdiane blir ofte knytt til biologisk mangfald, kulturminner og opplevingsverdiar.
  • MIS = Miljøkartlegging i skog. Kartlegging av biologiske verdiar.
  • MIS-figur = Eit biologisk viktig område (død ved, rik bakke) minst 2 mål.
  • Mål=eit omgrep som blir nytta i staden for dekar(daa), men eigentlig er eit gamalt mål berre 984m2.
  • Naturleg forynging= den forynginga som kjem ved naturleg såing frå frøtre eller skogkant.
  • Nettoverdi=eit omgrep knytt til tømmerverdiar. Nettoverdien er bruttoverdien (tømmmerverdien) når utgifter til hogst og utkjøring og skogfond er trekt ifrå.
  • Nyttbart virke= er den delen av treet som er salgbart eller på annan måte kan nyttast i kommersiell samanheng. Nyttbart volum er trevolumet når bark, topp og andre deler som ikkje kan nyttast (til dømes råte) er trekt ifrå.
  • Nøkkelbiotop= Ein nøkkelbiotop er eit avgrensa forvaltningsområde som er oppretta for å bevare eller nyskape verdifulle biotopar som ikkje blir ivaretatt gjennom tradisjonelt skogbruk.
  • Omløp=eit uttrykk for tidsrommet mellom to foryngingshogstar.
  • Overstander= eit tre som ragar over kronelaget i eit bestand og som stammar frå bestandet sitt førre omløp.
  • Proveniens= Kvar plantene er tilpassa til å vokse. Sør/Nord, høgt til fjells/i lav-landet.
  • Produksjonsevne= tilvekst målt i tal kubikkmeter per hektar per år. Se bonitet.
  • Relaskop=eit instrument som blir nytta for å måle tettheten i eit bestand. Sjå grunnflatesum.
  • Rotkontrakt= ei kontraktfesta avtale mellom ein seljar (skogeigar) og ein tømmerkjøpar om tømmer på rot. Tømmeret blir selt før det blir hogd.
  • Sjølvtynning=når tre veks krev greiner og treas krone meir og meir plass. Etter kvart veks trea så nær kvarandre at dei nedre greinene dør på grunn av utskygging. Sjølvtynning er eit utrykk for at denne prosessen går så langt at alle greinene og heile treet dør av denne konkuransen om lyset.
  • Skogbrukssjef/rådgivar/fagansvarleg skog = kommunalt tilsett som forvaltar lovverk som har å gjere med skogbruket.
  • Skogbruksplan=ein ressursoversikt over eigedomen. Skogbruksplanen inneheld ei skildring av kvart bestand på eigedomen, samt sumtal totalt for eigedomen. Planen gjer og enkle forslag på skogbehandling av det einskilde bestand. Ein skogbruksplan har ein tidshorisont på 10-20 år.
  • Skogfond=ei fantastisk ordning som gjennom skattelette gjer at du kan investere i eigen eigedom. Sjå eiga side om skogfond.
  • Skogkultur= Skogkultur er nødvendige investeringar for å få fram ny skog etter hogst og stell av ungskog. Alle skogeigarar har ei plikt til å sørgje for at skogareala blir forynga etter en hogst. Dette kan skje ved planting, såing, eller ved naturlig forynging. Skogskjøtsel og skogkultur blir brukt om kvarandre.
  • Skogskjøtsel=er eit samleord for dei tiltaka som kan utførast i eit skogbestand for prøve å få den skogtilstanden som ein ønskjer seg. Altså stell av skogen. Typiske eksempel er planting, ungskogpleie og tynning.
  • Slip= sjå massevirke
  • Sommarfrost=frostskade på nye skot og knoppar i vekstsesongen, ved stor skade dør skota.
  • Sortiment=tømmer blir kappa og sortert i ulike sortiment ut i frå bruks og kvalitetskrav hos dei ulike tømmerkjøperane.
  • Tennar= Tennar vil si at treet har tettare årringar på den eine sida på grunn av bl.a. vindpåkjenning (trykkved). Dette medfører at de blir hard ved på ei side og laus ved på den andre sida. Dette gir materialar som vrir seg.
  • Tynning= Hogst av tre som er så store at de gir tømmer eller anna nyttbart virke. Tynning tek først og fremst sikte på gje dei trea som står igjen betre utviklingsmuligheiter og er ein viktig del av bestandspleie.
  • Tynningspotensial=eit uttrykk for maksimalt uttak av tømmer i tynning utan at bestandets vidare vekst og utvikling blir redusert i for stor grad.
  • Tømmerkontrakt= sjå virkeskontrakt.
  • Ungskogpleie= eit lønnsamt skogbrukstiltak som i hovudsak blir gjennomført nå bestandet er i hogstklasse 2 (ved bestandshøgde 1,3-4m). Tre som konkurrerer med hovudtreslaget blir fjerna, tretalet blir regulert og dei trea med best kvalitet blir ståande.
  • Verditilvekst= når eit tre veks aukar ikkje berre volumet av treet. Etter kvart som treet blir større gjer det auka stammevolumet at tømmerstokken kan nyttast til andre produkt med høgare kvalitet som ofte har ein høgare pris. På den måten aukar treets verdi.
  • Vernskog= Skog som på grunn av sin plassering vernar annan skog , dyrka jord eller bygnader mot skred, flom m.m., eller som har vanskelige foryngelsesforhold eller dårleg vekst på grunn av sin plassering opp mot fjellet, havet eller langt mot nord. Sjå eiga side om vernskog.
  • Virkeskontrakt=ein virkeskontrakt eller tømmekontrakt er ein kontraktfesta avtale mellom ein tømmerselgar (skogeigar) og ein tømmerkjøpar.
  • Voksestad= Voksested er i skogleg behandlingsøyemed et naturlig avgrensa område med einsarta livsmiljø for plantene. Kvart voksested eller gruppe av liknande voksesteder kan behandlast på same måte.
  • Økosystem= Eit økosystem er eit samfunn (biologi) av organismar (økosamfunn) saman med de abiotiske (livlause) faktorane i miljøet som omgir dei. Økosystem kan variere mye i størrelse og kompleksitet, eit hav, eit fjell eller ei grotte kan alle tene som eksemplar på økosystem av litt ulik art. Eit utsnitt av naturen med alle sine planter og dyr i samspill med det andre miljøet. Bestanddelane i økosystemet er bunde saman i eit nettverk som verker saman.

Kontaktinfo

Tale Nedberg
Utmarksforvaltar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 94 86 38 11