Nydyrking av areal til jordbruksformål
Beskriving
Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdere kva for verknader nydyrking vil ha for landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Dersom du ikkje har sett i verk nydyrkinga innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.
Målgruppe
Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.
Kriterium
- Det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
- Nydyrkingstiltaket bør leggje til rette for driftsmessige gode løysingar
- For areal over 50 dekar må det finnast ei konsekvensutgreiing
Dersom nydyrkingsarealet er over 50 dekar (eit vedlegg II-tiltak), skal kommunen behandle tiltaket etter forskrift om konsekvensutredninger for tiltak etter sektorlover § 3. Også mindre tiltak (under 50 dekar) skal bli behanda etter § 3 dersom det kan vere ein risiko for at tiltaket kan få verknader for naturmangfald eller andre viktige miljøomsyn.
Handsaming
Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal mellom anna innehalde opplysningar om tilkomst, grøfting og framtidig drift av arealet. Har du ikkje sjølv tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør du kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Kommunen kan rettleie deg. Før vedtak blir gjort, skal kommunen innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Regionalt kulturminnemynde og samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan ha noko å seie for deira fagområde. Det same gjeld Fylkesmannen dersom nydyrkinga kan ha noko på seie for viktige miljøverdiar. Uttalefristen skal vere på minst éin månad.
Klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekkdet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Oppdatert